Oslo Pride LogoOslo Pride Logo
19. juni – 28. juni 2020
søndag 16. juni 2019
16:30 - 17:30

Lansering av Vinduet på Pride

arrangementsbilde

Velkomen til lansering av ei ny utgåve av litteraturtidsskriftet Vinduet, i Sylvia-salen i Pridehouse på Youngstorget!

Vinduet nr. 2/2019 er i heilskap vigd litteratur med eit skeivt perspektiv. Til lanseringa møter forfattar Ylva Wærenskjold og forfattar og kurator Bjørn Hatterud Vinduet-redaktør Maria Horvei til ein samtale om litteraturen eigentleg kan vere "skeiv", om litterære førebilete og ei aldri så lita samtidsanalyse. Dei to vil òg lese frå nyskrivne tekstar som står på trykk i det nye Vinduet.

Etter lanseringa er det mogleg å gå rett vidare til ein forfattarsamtale med Gerd Brantenberg og Gudmund Vindsun - som begge også er intervjua i nummeret.

Den nye utgåva av Vinduet er i butikk frå 13. juni, og inneheld tekstar om homofiliens språk i norsk litteratur, om forsøk på å finne seg sjølv i litteraturen, om lesbisk fan fiction, om Sapfo og Orfevs og endå meir til.

Vel møtt!

Detaljer

Arrangør: Vinduet
Sted: Pride House, Youngstorget (Sylvia-Rivera-salen)
Tidspunkt: 16:30 - 17:30
Pris: Gratis
Aldersgrense: Fri aldersgrense
Tegnspråktolket: Ja
Rullestolvennlig: Ja
Lenke til arrangement: https://www.vinduet.no/