
Torsdag 18. juni 2026 – kl. 21:00
Forandre seg: Metode (Det Norske Teatret)
Forandre seg: metode blir spelt i ein dusj og filma til ein skjerm. Saman med scenograf Sven Haraldsson har regissør Kjersti Horn i mange år forska i bruken av kamera i scenerommet. No lar ho skodespelar Vetle Bergan framføre heile romanen Forandre seg: metode frå ein liten dusj bak scenen i kjellaren på Det Norske Teatret. Nokre meter unna, inne i salen på Scene 2 vil publikum sitte og få med seg det heile direkteoverført på ein skjerm.
Édouard Louis skildrar den ekstreme klassereisa han har gjort, frå oppveksten blant dei fattigaste klassane i ein familie prega av arbeidsløyse, alkoholisme, vald og undertrykking via middelklassen i ein provinsby, til dei intellektuelle miljøa i Paris og den franske og internasjonale overklassa. Å flykte frå sin eigen skjebne krev ein innsats og vilje som få har klart med same handlekraft som Louis. Han er nådelaus i utleveringa av seg sjølv, familien og omgjevnadene sine. Å vilje hemne seg på fortida er ein sterk motor i skrivinga hans, men meir enn det er det eit frigjeringsprosjekt. Likevel kjem det med ein kostnad.
Louis spør seg sjølv: Er eg dømt til alltid å håpe på eit anna liv?
I denne framsyninga kjem ein heilt tett på skodespelar Vetle Bergan, og Louis sitt livsprosjektet med å skape seg om, å bli ein annan og å fjerne seg frå opphavet.
Billettpris: 200-400 kr
Billetter: https://billettar.detnorsketeatret.no/nn/buyingflow/tickets/40158/94851/#tixsp
Tilgjengelighet: https://www.detnorsketeatret.no/hovudscenen-praktisk-informasjon
Arrangementdetaljer
- ArrangørDet Norske Teatret
- Dato og tidTorsdag 18. juni 2026 – kl. 21:00 - torsdag kl. 22:35
- ArenaSkeive Scener
- AddresseKristian IVs g. 8, 0164 OSLO
- RullestolvennligJa
- TegnspråktolkNei
- TeleslyngeNei
- RusfrittNei
- In EnglishNei
- Arrangement-lenkehttps://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/forandre-seg-metode